Lettare med presisjon?

I akkurat dette spelet meinar eg det var lettare å finne toppkontrakta med presisjon (men ikkje sei det til nokon!).

Rundenr 10   ª Q7653  
Spillnr 230(14)   © KT95  
Giver: Øst   ¨ AQT  
Sone: Ingen   § J  
  ª 9   ª JT4
  © 42   © 83
  ¨ KJ8732   ¨ 9654
  § Q743   § K865
    ª AK82  
    © AQJ76  
    ¨  
    § AT92  

Dette spelet gjekk greit for Geirane, men ikkje så greit for meg.

Dei meldte slik:

Nord (Geir Hj) Syd (Geir Hoff)
  1 kl (16+)
1 spar (8+ og minst 5 spar) 2 spar (spør om sparfargen)
3 kløver (ein topphonnør femte) 3 hjerter (spør om hjerterfargen)
4 kløver (andrekontroll i hjerter) 4 hjerter (har du singel hjerter eller kongen?)
4 spar (kongen) 5 kløver (spør om kløverfargen)
5 spar (andrekontroll i kløver) 7 spar (kan telje 13 stikk)

(Eigentleg hoppa dei over spørsmålet om andrekontrollen i hjerter var singel eller kongen, men eg syns den bør vere med :))

Vi var godt på veg, men eg havarerte:

Vest Nord (Jonill) Øst Syd (P-C)
    Pass 1 hjerter
Pass 3 kløver (minisplinter) Pass 3 ruter (cue)
X XX (førstekontroll i ruter) Pass 5 ruter (spør om antall ess utanom ruteress)
Pass 5 spar (eitt ess) Pass 5 NT (storesleminvitt/spør etter kongar)
Pass 6 hjerter.... Pass Pass
Pass      

Eg klarte ikkje å sjå at mine fem gjenverande poeng (dama femte i spar og kongen fjerde i hjerter) skulle vere nok til storeslem. Arild meinar at eg bør vite at makker har ess, konge i spar, og då er sjølvsagt dama femte gode greier. Hadde eg tenkt på det burde eg ha sagt 7 hjerter.