Lurt opp i stry!

 

Eg sat øst i dette spelet og vi hamna i 2 NT etter at eg ikkje hadde meldt heilt godt (skulle meldt 1 NT i staden for å redoble).


Vest

Nord

Øst

Syd

1 kløver

X

XX

1 spar

Pass

Pass

1 NT

Pass

2 NT

Pass

Pass

Pass

 

 

 

 

9 5
K 9 8
K kn 8
E D 10 4 3

 

D kn 8
D kn 4 3
E 10 6
8 7 5

 

 

 

 

Det kom spar ut til kongen og ny spar til esset i syd. Eg kom så inn på spar dama og spelte hjerter til kongen og esset. Nord tok eit sparstikk (den sat 4-4) og spelte ruter til knekten i bordet. Stillinga er denne:

 

-
9 8
K
E D 10 4

 

-
D kn 4
E 10
8 7

 

I utgangspunktet hadde motparten 17 poeng til saman. Syd har varta opp med fire av dei allereie (spar ess), så å tru at kløverkappen går er å tru på eventyr, ikkje sant? Godt fornøgd med meg sjølv tok eg for ruter konge, to hjerterstikk og ruter ess. Deretter spelte eg nord inn på hjerter slik at han måtte spele kløver opp i saksa. Fint spelt? NOT!!!

 

Slik var spelet:

 

 

K 10 6 4
E 10 7 2
D 5 4 3
6

 

9 5
K 9 8
K kn 8
E D 10 4 3

 

D kn 8
D kn 4 3
E 10 6
8 7 5

 

E 7 3 2
6 5
9 7 2
K kn 9 5

 

 

... og sju stikk i grand var ny rekord i negativ retning, men det var vel ikkje mange nordspelarar som hadde orka å doble negativt på det der mølet heller... Sukk!