Meldeproblem for regelryttere

 

Både Lisbeth og eg høyrer mykje på stemmene inni hovudet vårt som SKRIK gode råd og beskjedar når vi spelar bridge. (Foreløpig har ikkje stemmene gitt nokon beskjedar om at vi er Gud eller at vi bør begynne å ete gjørme, så eg trur ikkje innlegging eller tvangstrøye er nødvendig enda… (???)). Lisbeth kom med eit problem som vi ikkje har nokon regel for (og dermed inga stemme i hovudet), så no er vi svært bekymra og treng hjelp:

 

Makkeren din opnar med 1 NT eller melder inn 1 NT. Når gir du blaffen i å spørre etter major trass i at du har firekorts major sjølv?

 

Til dømes:

 

Vest

Nord (makker)

Øst

Syd (du)

1 spar

1 NT

Pass

???

 

Dine kort er:

 

9 3
K D kn 9

10 9 3
K D 8 5

 

Melder du 2 kløver (stayman), eller hyler du 3 NT? Ville det gjort nokon forskjell om vest hadde passa og makker opna i 1 NT? Har du ein regel for når du gir blaffen i ein eventuell tilpass i major, eller går det på gefühlen?

 

Hjelp oss å få nattesøvna tilbake. Send meg ein e-post: jonill@hotmail.com