Nesten perfekt
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Dette spelet er frå 2. divisjon for damer, og
motspelet vårt var nesten perfekt.
Motparten var i 4 hjerter og makker spelte ut
kløver konge. Speleførar stakk i bordet med esset og eg burde lagt knekten for
å tvinge makker til å gjere rett, men eg la treeren. Speleførar tok tre gonger
ruter og kasta ein kløver i bordet før ho spelte hjerter til dama og mitt ess.
Eg spelte tilbake kløverknekt og makker forsto heldigvis teikninga og stakk
over med dama og fortsette med kløver til steling i bordet og oversteling hos
meg. Eg spelte ruterti og speleførar var ferdig. Uansett kva ho gjer vil makker
få stikk for hjerter knekt.