NM - 2015

Vi hadde eit ønske om å vere blant dei 10 beste i årets NM, så vi seier oss særs nøgde med ein 7. plass(sjølv om det er fult mulig å finne minst 100 poeng(200 i sving) som var unødvendig å gi vekk.. Dei poenga vi fekk «gratis» er berre fortent og skal sjølvsagt alltid vere der )

Allereie i første runde fekk vi appell mot oss etter dette spelet..

Makker opna i 2kl (presisjon), det gikk dobbel og 3kl hjå meg, så pass-pass og 3 ruter hjå doblar. Denne fekk han spele og scoren blei deretter. Når no blindemann fekk sjå at det blei så voldsomt med stikk meinte han at Hjelmis hadde gitt forklaringa på 3kl hjå meg som innvitt. Først som sist; 3kl hjå oss er innvitt, då 2nt er krav til 3 kløver og «meir» sperrebetont. Vi meinte at det å melde 4 ruter med 5korts ruter og singel kløver bør vere obligatorisk etter dette meldingsforløpet, uansett kor mykje motparten har meldt «innvitt»?? Etter gjentatte runder hjå turneringsleiar som heldt på til langt ut i dag 2 vart det ein «delt score». Så då blei det +10 istadenfor +20. Vi var ikkje einige, men men..

Så med ein såå spennande start var det vel berre rett å rimelig at det måtte gå greitt



Nokre spel frå NM.

Innertiar på svindelvariant!

.E
tter eit meldingsforløp der spillefører har vist 5 kl og 5sp(4sp) kom motparten i 4sp. Eg spelte ut hj ess og fekk sjå bordet. Ser du skiften som kan føre til beit i denne kontrakten?



Eg lurte på å snu ruter, men fekk for meg å prøve å skape ein svindelvariant for spillefører. Så eg snudde til kl 8! Håpet var at makker hadde Kx, eller qx og at spillefører satte meg på singel kl SJØLVSAGT.

Kl 8 gikk til konge hjå makker og ess hjå spilleførar. Han spilte så sp til K og ess hjå makker og kløver tilbake… Hadde du klart å legge kløver q no?

Som ein ser er 3nt den klart beste kontrakten, men 4sp ser jo ut til å vere greie 10 stikk med kløveren 2-2 (kongen i saks) og snill trumfsitsen. Ein beit gav 25 av 25 mulige.





Spill mot NM meistrane.

Etter at motparten opna med svake to i hj gikk det pass pass og dobbel hjå makker. Eg meldte 2sp på min 3 kortsfarge og fekk spele denne. Eg fekk kl K ut som eg dukka, så kom 3gange hj, der eg trumfa tredje hj spill med sp j og vest kasta ein ruter. Så spela eg ruter mot bordet der ruter J kom på frå vest. Sp til kongen og ny ruter mot bordet sette vest sjakk matt. Om han trumfer er det over, og om han ikkje trumfer stikk eg med ruter ess og spelar kl til ess og kløver til liten stjeling i bordet. 8 stikk ga 23 av 25 mulige.



KYLLING!?

Eit av dei andre spela vi hadde på BBO mot noregsmeistrane var dette.

Hjelmisen opna i 1kl (16+), øst meldte 1hj og eg dobla for i første omgang vise 5-8hp. Vest passa og 1nt hjå makker og pass til meg. Eg sat ei stund og tenkte før eg feiga ut og meldte 3NT. Her har eg i ettertid meldt 5NT(pick a slam) kvar natt . 3NT gav -13, medan 6 ruter ga +12. Vi fekk +15 på bordet!



«Snill trumfsits» og utlikning.

Mot sølvvinnerane hadde vi nett dobla heim 4sp (nokre av dei minst 100 poenga vi GAV vekk ), då dette spelet kom. Makker opna i 1kl (16+), så gjekk det 1sp-dobbel(5-8, eller ei sterkare hand)-2sp-pass-4sp… På 4 sp måtte eg avgjere kva eg skulle melde, anten doble ein gong til eller melde 5hj (begge viser 9+). Eg valte 5hj og fekk dobbel på meg pronte! Tankane svirrra, og eg var temmelig sikker på nok ein max minus..

Eg fekk sp ut til esset og tok med meg hj K, så spilte eg sp til steling og hj ess. Trumfsitsen kom for ein dag, og eg var nære å gi opp.. Men ein må jo gå minst mulig beit, så eg spilte kløver. På andre kløveren såg eg at det satt 4 kløver saman med hjerta, og då lyssna det litt. Kunne han ha 3 sp og singel ruter? Eg spilte sp til steling, som gikk bra. Då fekk eg telling! Liten ruter til esset og eit kort frå bordet som eg kasta ruter q på. Stakkars Nord måtte trumfe eit ståstikk for så å gi meg det 11 stikket! Utligning til 1-1, og etter eit godt motspill mot 3NT fekk vi +11 på bordet.



Oppsummering

NM var på ingen måte avskrekkande, og det er heilt klart mange «dødelige» spillerar i eit NM- felt. Men det blir meldt knallhardt, så det å stoppe under utg i kontraktar som står er vannvitig dyrt! «Pokertryne» og tøff meldestil må ein ha skal ein vere med, men for mykje av det er fryktelig dyrt andre vegen, så ein må heile tida søke etter den «knivskarpe balansegongen». Vi var med oppi der heile turneringa, men vi er pr i dag ikkje stabile nok til å vere så mykje høgare, så pr i dag er nok 7 plass truleg max. Så får vi sjå om det kan bli ein ny tur neste år? Berre nemner at dei to siste plasseringane våre i NM er nr 14 og nr 7

Så om ein forbetrar seg med 7 plasseringar i slengen?