Og her rauk sigeren...
Eg trudde eg spelte vekk sigeren på siste spelet i Norevikane. Vi var 15,5 poeng bak førsteplassen, men vinnar Geir Hjelmeland har funne ut at om eg hadde fått heim kontrakta ville vi fortsatt enda 1,5 poeng bak... (så då får eg finne eit anna spel å irritere meg over).
Vi meldte i fred:
Nord |
Syd |
|
1 NT |
2 ruter (overføring) |
2 hjerter |
4 kløver (cue med hjerter) |
4 ruter (cue) |
4 NT |
5 hjerter (to av fem ess) |
6 hjerter |
|
|
K kn 9 |
|
|
|
|
|
E 8 |
|
Utspelet er spar 7. Du prøver knekten, men den ryk
til dama. Korleis spelar du?
Dette er eit enkelt spel som einkvar nybegynnar
som har lært å telje stikk vil få heim. Du kan trumfe ein spar på handa, og har
dermed to sparstikk, sju hjerterstikk og to kløverstikk. Det betyr at du må ha
eitt ruterstikk, og det einaste som kan gjere at du vinn kontrakta er at
ruteresset sit framfor esset. Du spelar med andre ord spar til kongen, spar til
steling, legg ned hjerterknekt og tek for kløveress før du spelar ein kløver
til steling i bordet. Stillinga er denne:
|
- |
|
|
|
|
|
- |
|
No tek du ut trumfen og spelar ein ruter mot
kongen og kan straks etter notere 12 stikk.
Det eg gjorde var å trumfe ein kløver i bordet i
stikk tre og så prøvde eg å spele som ovanfor, men når trumfen sat 5-0 var eg
plutselig blitt kort i trumf og måtte avgje eit trumfstikk til åttaren. Trist
og leit med slik trumfsits, men heilt fortjent å gå beit når eg er så dårleg å
telje stikk!
|
K kn 9 |
|
10 7 6 5 4 |
|
D 3 2 |
|
E 8 |
|
Sukk!