Paraplysert

 

No er det haust. Eg har funne fram den tjukke jakka og eit ganske mørkt sinnelag. Det kjem til å bli kaldare og mørkare og tristare for kvar dag som går. Regnet høljar ned og den einaste fordelen med det, er at snø er verre…

 

Du kan vel difor forstå min angst og skrekk når eg fekk utlevert desse korta:

 

6 2
E kn 9 8 5 2
-
kn 10 5 4 3

Eg sat i sistehand, alle i sona og det blei opna til venstre for meg i 1 spar. Makker sa pass og nestemann 2 spar. No blei eg heilt paralysert… Kva i svarte melder ein på sånne kort? Etter fem minutter i stålboks følte eg veldig for å foreta meg noko. Hvis eg passar no, er i allefall makker heilt ferdig. Kva melder du? Hvis du bestemmer deg for å passe, seier nestemann
4 spar og det går pass – pass til deg. Melder du noko no?

 

Antix seier han ville ha passa første gongen, og fortsett å passe.

 

Hroar Kleiven ville ha meldt inn 2 NT. Det er ganske beskrivande for handa dersom du har avtalt at det ikkje syner ein 15-18 grand.

 

Etter å ha tenkt lenge, fant eg ut eg måtte melde, og valget falt på 3 hjerter. Deretter var eg skrekkslagen for at makker skulle doble motparten i eitkvart. I staden meldte nestemann 4 spar og makker 5 hjerter. Den blei dobla og så gjekk det fredeleg pass rundt. No kjem neste spørsmål; korleis spelar du denne fargen hvis du berre tåler ein tapar:

 

K 7 6 2


kn 10 5 4 3

 

Eg gjorde sjølvsagt feil (drog knekten), så eg sjekka i Encyclopedia of bridge, og der sto det heilt klart at det ein skal gjere for å få flest mogleg stikk i fargen er å spele LITEN til kongen.

 

Heile spelet var slik:

 

 

3
K D 10 7
10 9 8 5
K 7 6 2

 

E D kn 10 5 4
3
E K D 7 3
D

 

K 9 8 7
6 4
kn 6 4 2
E 9 8

 

6 2
E kn 9 8 5 2
-
kn 10 5 4 3

 

 

Dersom eg løyser kløveren med ein tapar, står 5 hjerter. Samstundes står det alltid 5 spar hos motparten. Det må ruter ut til steling, evt. hjerterkonge og ruterskift for å beite 6 spar.