Torsdag 23. juni fortsatt...

Sanneleg det seier eg dykk: 23. juni er helligdag i Polen. Eg hadde stått opp tidleg, drukke masse kaffi, fyllt på med vatn og hadde lomma full av zloty som eg hadde tenkt å kjøpe sko for og kva skjedde? Alt er stengt! Eg som droppa å spele i dag fordi eg skulle shoppe noko så inni granskauen. Eg gjekk opp til spelelokalet i første pausen i håp om at eitt av dei norske para skulle ha tileigna seg polske eigenskapar og krangle noko forferdeleg slik at eg kanskje kunne få spele ein sesjon. Men NEIDA, alle var blide og fornøgde. Søren altso!

Det er ikkje nulltoleranse for verken øl eller kjeftbruk her. Øla er ikkje noko problem, det blir servert øl i pausane, men eg har ikkje høyrt om nokon som har møtt nokon der alkohol har vore eit problem. Kjefting derimot....Surare folk enn polakkane skal ein jaggu leite lenge etter! Vi har funne ut at startkontigentane i dei to mixturneringane tilsvarar omtrent ei halv polsk månadslønn, så det er kanskje ikkje rart dei er gretne? To nordmenn møtte eit par der han var ein betalt proff og ho ei rik anorektisk kjerring med perfekt manikyr og gullringar. Ho opna i 2 hjerter som var sterkt og han meldte 3 hjerter som viste at han ikkje hadde ei heilt elendig hand. Deretter spurte ho i blackwood og plasserte seg sjølv i 6 hjerter. Dette gjekk eit par beit og ho gjekk fullstendig av skaftet og kjefta ut makkeren. Vi skulle alle likt å visst korleis ho fekk lagt skulda på han for dette, men ho var, ikkje overraskande, ikkje venlegsinna nok til å kjefte på engelsk. Vi skjønner kor gale det var når den mest sindige norske spelararen av dei alle kviskra til makkeren sin: - Eg håpar jammen han får godt betalt for å spele med henne!

I går var det ein type som fornærma meg på ein ganske snedig måte. Makker spelte ut ein toar og han tok opp systemkortet vårt. Det var dessverre noko mangelfullt fordi vi ikkje skjønte kva som skulle fyllast ut i alle kolonnene, så han sukka og bar seg og eg skjønte ikkje bæret. Det einaste eg kunne komme på at vi brukte var third/fifth leads, så det sa eg eit par gonger... :) Så kom eg på at vi brukte lite som styrke og det ville eg skrive ned til han, men då var han ikkje interessert lenger og vifta meg vekk. Medan dette pågjekk kom det ein lapp på bordet der det sto at dei som var slått ut av alt kunne få spele ein trøstefinale i dag. "This is for you", sa han og trykte lappen opp i trynet på meg :)

Ei av dei norske damene hadde forresten møtt ein hyggeleg mann som smilte til henne. Tredje gangen han smilte fant eg ut at måtte gjere litt gjengjeld, sa ho, så eg viste til og med litt tenner. Presisering (05.07): Den hyggelege mannen var Fantoni!

Torsdag 23. juni (jonsok, men IKKJE den lengste dagen i året :))

Så var det bridgespelaren som budde høgt oppe i etasjane på hotellet sitt og ikkje fekk blund på augene første natta pga vind. Det bråka noko heilt forferdeleg og han vurderte sterkt å skifte hotell, eventuelt flytte nokre etasjar lenger ned. Heilt til han neste morgon oppdaga at det var airconditionen på rommet som bråka :)

Skjermtrøbbel

Eg høyrde på makker at takken var ein smule anstrengt når eg la ned bordet i 3 NT:

K D 2
K D 5 4
8 5 3
kn 8 7

Makker hadde opna i 1 NT og eg hadde meldt stayman som han hadde svart 2 spar på, deretter meldte eg 3 NT og var i grunnen ganske fornøgd med meg sjølv, så eg forsto ikkje heilt kva som var gale. Etter litt lada tausheit spurte han kva kontrakta var.... 3 NT, sa eg (på engelsk)...Å, visste ikkje det eg, sa Herold, trudde den var 2 spar. Det synte seg at etter at eg hadde meldt 3 NT var ikkje brettet skubba skikkeleg over og hverken Herold eller ho dama på andre sida hadde sett 3 NT-meldinga. Eg også såg at det ikkje låg ein passlapp oppå 2 sparmeldinga, men rekna med at han ikkje gadd å legge den opp. Spelet fortsatte og motparten tok fire ruterstikk som Herold kasta dama og tiaren i kløver på. Dama var inne og underspelte kløver ess til Herold sin single konge og dermed fauk kontrakta heim. Ho trudde nemleg også at vi spelte 2 spar!

Tove opna i 1 spar, men det såg ikkje Geir, så når det blei hans tur opna han i ekren. Frå Tove sitt synspunkt har meldingane gått 1 spar - pass - 2 ruter - pass og då blei det umogleg å stoppe under slem når ho hadde E kn sjette i ruter ved sidan av sparfargen. DET sto ikkje.

Marianne Harding fortalte at ho hadde opna i 2 ruter - multi. Det hadde vore mykje styr ved bordet med tevlingsleiar pga noko som hadde skjedd før. Dei skubba brettet over og det kom tilbake med 1 ruter frå makkeren til Marianne. Dei visste ikkje heilt kva dei skulle gjere, men fann ut at dei skulle skubbe brettet over ein gong til, litt lengre denne gongen slik at dei på andre sida såg at Marianne allereie hadde opna. Det gjorde dei, men når brettet kom igjen var meldingane borte. Dei på hi sida trudde Marianne hadde støtta til 2 ruter og deretter gjekk det pass rundt.

Onsdag 22. juni fortsatt...

Korleis løyser du denne fargen utan tapar?

  10 4  
     
  E K D 3  

Eg hadde plassert meg sjølv i 4 hjerter der dette var trumffargen... Ser ikkje så greit ut, men utspelet var ein liten ruter til esset og hjerter to bak. Så fann ho ut at ho hadde ruter og bytta ut hjerteren med ein ruter. No var hjerter to eit straffekort og sidan han bak hadde hoppa innpå med 3 ruter fant eg ut at eg skulle dra hjerter ti. Det funka - ho hadde knekten fjerde i mot. Eg blei veldig flau, og som fortjent fekk eg berre 46% på spelet.

Onsdag 22. juni

I går var ein sørgeleg dag bridgemessig. Heldigvis kompenserte vi litt med øl om kvelden :) Dette fører som kjent gjerne til litt redusert form dagen derpå, så no må eg hive meg i dusjen og sjå om eg kan våkne litt.

Tysdag 21. juni

Som de ser på bileta er resultatservicen ganske avansert, men samtidig får ein ikkje slippar etter kvar runde. Opplegget er slik at for kvar ti spel blir ein plassert i ei pulje med ti par. Nord-syd para sit fast medan øst-vest para flyttar seg. Ein spelar fem rundar slik før det er ein pause og ein hamnar i ei ny pulje. Det er ingen resultat å få i løpet av dei ti spela fordi spela også går rundt slik at ein ikkje spelar spela samstundes. Dette betyr at det beste å gjere er å sitje i ro på bordet sitt til det er skift...Med andre ord røyking berre kvart tiande spel. Nei, eg går ikkje bananas, det er eigentleg ganske greit, for når ein spelar med skjermar går det lenger tid og eg slepp vente ti minutt pr. runde :) I Pula nekta dei folk å forlate lokalet i løpet av sesjonen, men her får ein i det minste gå på do og kjøpe kaffi. Dette gir sjølvsagt moglegheiter for å jukse om du har ein god kompis som er dårleg å spele bridge, men foreløpig har vi ikkje opplevd noko som skulle tilseie det.

Mandag 20. juni fortsatt...

Etter nokre gode sesjonar fekk vi ein katastrofesesjon til slutt og er nede på 45%. Det er 20 spel igjen av kvalifiseringa og rykta seier at ein må ha 52% for å gå til A-finalen. Det trur eg blir tøft, men vi får spele B-finalen og sjå om vi kan få nokon poeng der...Finalane startar i morgon ettermiddag kl 1630 og varer til og med onsdag etter det eg forstår. På torsdag er det berre dei beste som får spele.

Eit spørsmål: Hvis du bur på hotell og har vore litt bedugget kvelden før og neste morgon finn du ikkje Visakortet ditt...kor leitar du først?

I dette spelet var eg sikker på at nord hadde prøvemeldt og ombestemt seg når han såg reaksjonen min :)

E
none

  10
  K 9 8 2
  A 3
  A J 10 9 8 6
 
  A K Q 7 5
  J 5
  6
  K Q 7 5 2
  J
  A Q 10 6 3
  J 10 9 5 2
  4 3
    9 8 6 4 3 2
  7 4
  K Q 8 7 4

Eg passa i opning og etter ei stund kom trauet gjennom skjermen med 2 spar frå syd (som synte fem-fem i spar og ein minor) og pass frå makker. Nord meldte no 3 ruter, så ombestemte han seg og meldte 3 kløver i staden. Eg var stygt redd for at han såg på meg at eg likte 3 rutermeldinga litt for godt og at det var difor han bytta! Neida... Han meldte heilt sikkert 3 ru fordi han trudde makkeren hadde ruter, og 3 kløver vart sjølvsagt korrigert til 3 ruter. Vi burde dobla begge to, men 150 inn var også ein grei score.

Mandag 20. juni

I går spelte vi monrad i mix lag. Den var delt i A og B pulje, og frå A var det ein skokk med lag som gjekk vidare, medan frå vår finale var det berre fem lag. Vi hamna omtrent på middels og må no begynne å spele mix par. Fire lag med nordmenn på er klar for sluttspelet i mix lag.

Ellers er det dyrt å ikkje kunne systemet sitt...Dei hadde ei avansert utrekning og slo fast at i vårt tilfelle kosta det 9 imp!! Det førte til at i staden for 31-21 siger i siste kampen, blei det 31-30. Eg trudde først at ni imp var den faste straffa, men det er visst ikkje det. Den blir rekna ut kvar gong...Nokon som har sett på Numb3rs? Ser det for meg :)

Her er eit gladspel frå i går:

S
all

  Q J 3 2
  Q 10 6 5 4 3 2
  10
  4
 
  9
  K J
  A K Q 9 2
  K 9 7 3 2
  8 6 5
  9 8 7
  7 6
  Q 10 8 6 5
    A K 10 7 4
  A
  J 8 5 4 3
  A J

 

Vest Nord (Herold) Øst Syd (Jonill)
      1 spar
2 ruter 3 ruter (splinter) Pass 3 NT
Pass 4 spar Pass 4 NT
Pass 5 kløver (0 ess) Pass 6 spar
Pass Pass Pass  

Vest brukte nokon sekund på å melde inn 2 ruter og eg rekna med det hadde gått kjappare om han hadde hatt E K D sjette i fargen, så når han starta med E K i ruter tok eg sjansen på å stele lavt i bordet. Hjerter til esset, spar til dama og hjerter til steling ordna den fargen. No kunne eg ta ut trumfen og claime. På andre bordet hadde dei rota seg ei beit i 5 spar.

Er det nokon som har tenkt på dette: Vi melder i fred slik: 1 kl - 1 ru - 1 hj. No har svarhanda tre forskjellige måtar å invitere på, 1 spar som fjerde farge, 2 kløver som xyz og 3 hjerter. Nokon som har funne ut korleis ein kan differensiere desse meldingane? Send mail...FORT! jonill@hotmail.com

Alt er billeg i Polen unntatt frukost! Dei skulle ha 140 kr pr. dag for frukost på hotellet, og det er meir enn alle dei andre måltida kostar til saman (inkl. drikke), så no skal eg gjere meg klar og gå ut og finne noko mat. Eg pådrog meg ein stygg idrettsskade på Kastrup (jogging), men eg trur det er bra no, så i dag skal eg gå til spelelokalet....Trur eg...Taxi er billeg også :) Einaste problemet er at dei ikkje snakkar eit kløyva ord engelsk, så det kan vere noko tungt å kommunisere.

Laurdag 18. juni fortsatt....

Ti timars søvn er for mykje! Vi har tapt og tapt i heile dag. Det einaste positive var at eg vant sidebetet med Lisbeth om kven som fekk mest VP. Gleder meg voldsomt til å innkassere den øla. I morgon skal vi spele ein slags b-finale der ca. tre av hundre lag går vidare til sluttspelet.

Laurdag 18. juni

Etter ti timar i koma er eg klar til å spele. Det skal begynne 1030, men rykta seier at det kjem til å dra ut med starten pga fullt kaos til å begynne med...Det var i allefall ei interessant oppleving å registrere seg i går. Masse folk som jobba der, men ein måtte innom alle på vegen. Det var ingen kø når vi kom, men likevel tok det ein halvtime å få betalt og laga identifikasjonskort.

Fredag 17. juni

Med unntak av ein halvtimes forseinking gjekk turen overraskande bra. Det er internett på hotellet, og det meste er i grunnen stor stas bortsett frå at å stå opp kl 0430 tok fullstendig knekken på meg. Spelinga startar 1030 i morgon. Kryss fingrane :)

Torsdag 16. juni

Planen er som følger: Eg skal flyge Førde - Oslo - København - Poznan og heile prosjektet skal vere over på fem timar. Prisen var 4500 og eg syns det var stor stas heilt til eg fekk vite at det går direktefly frå Sandefjord som kostar eit par hundrelappar. Og når vi snakkar om pengar, startkontigenten for ein person til mix og mix lag blir totalt 335 euro - rundt 3000 kroner. Gubbevaremegvel... Dette er imidlertid småbekymringar i høve til det at flyet går frå Bringeland kl 0633 i morgon.

Vi skal spele mix lag først og den startar på laurdag. Eg spelar med Herold Kråkenes på lag med Tove Haugen og Geir Engebretsen. Laget heiter Nor-West. Slik eg forstår det går ein rett over i mix par når ein blir slått ut av mix lag, men det er noko uklart om ein kan ende opp utan å få spele søndagen dersom det går riktig ille i mix lag. I så fall håpar eg butikkane er opne så eg kan kjøpe meg nokre sårt tiltrengte sko. Det skal visstnok vere billeg i Polen.

Eg trur det kjem opp ei oversikt over nordmenn som skal spele dei forskjellige turneringane hvis du trykker på denne linken: http://www.poznan2011.pl/registration/show?event=All&country=Norway&names=

Så i morgon, hvis min dårlege karma held seg vekk ei stund, skal eg prøve å oppdatere frå Polen. Alternativt sit eg sikkert på eit tog ein plass i Europa og prøver å komme meg fram i tide til turneringsstart laurdag.