Systemavtalar

To karar sat før turneringa i Angedalen og avtalte litt av kvart om systemet. Exclusion og diverse intrikate systemavtalar blei gjort, men dei gløymde å avtale kva system dei skulle spele. I spel 14 blei det oppdaga at den eine spelte presisjon og den andre naturleg, dessverre hadde det då kosta ein bånn sidan 6 NT var noko tungspelt:

14 S D65
Ø/Ingen   H T743
  R ED8
  K EKJ
S T874   S 932
H EK5 H J962
R KT3 R 542
K D32 K T75
  S EKJ
  H D8
  R J976
  K 9864