wpe5.jpg (4952 bytes)

 Førde Bridgeklubb

 

Referat frå styremøte, 20.02.07.

Stad: Førde Barneskule

Desse møtte: Åsmund Rakke, Torveig Botnen, Dagfinn Vik og Terje Førde.

 

Sak 1: Konstituering av styret.

Ø      Leiar: Åsmund Rakke

Ø      Nestleiar / sekretær: Terje Førde

Ø      Kasserar: Dagfinn Vik

Ø      Tevlingsansvarlege: Torveig Botnen og Egil Hagen

 

Sak 2: Arbeidsoppgåver framover og fordeling av arbeidet.

Ø      Dagfinn skal kontakte Øystein Vasset , og avtale tidspunkt for å få ei oversikt over ulike oppgåver i høve kasserararbeidet.

Ø      Torveig og Egil skal lage ei rutineoversyn av dei ulike turneringane som Førde Bridgeklubb skal arrangere.

Ø      Åsmund skal undersøke om der er  representasjonsoppgåver som er pålagde for Førde Bridgeklubb.

Ø      Ansvar for klubbkveldane: Styret ønskjer opplæring i å bruke datasystemet under klubbkveldane. Åsmund vil spørje ein eller fleire av klubbmedlemmane, som kan dette datasystemet,  om dette let seg gjere.

Dagfinn vil samle inn startkontingentane på klubbkveldane. Han tok også på seg ansvaret for å kjøpe inn kaffi og brus. Dersom Dagfinn ikkje har høve til å gjere dette ein kveld, vil Torveig overta dette ansvaret.

 

Sak 3: Ymse

Ø      Utleige av kort og kortmaskin til andre bridgetevlingar: Åsmund vil spørje det gamle styret om kva rutine / pris bridgeklubben har nytta tidlegare.

Ø      Åsmund vil kontakte Førdehuset for å få ei betre ordning på starttidspunktet på klubbkveldane. I perioden etter jul har Peisestova vore utleigd fram til kl. 18.55, og dette høver dårleg for bridgeklubben.

Ø      Referat frå ulike møter i Førde Bridgeklubb bør ligge under ein link på heimesida til klubben. Åsmund vil kontakte Jonill Storøy for å høyre om dette let seg gjere.

Ø      E-post adresser og mob.tlf.nr.  til medlemmane i styret:

 

Namn

E-post

Mob.tlf.nr

Åsmund Rakke

asmund.rakke@forde.kommune.no

90 15 37 89

Terje Førde

terjford@start.no

91 39 80 87

Dagfinn Vik

dagfinn.vik@enivest.net

92 41 86 46

Torveig Botnen

torveigb@yahoo.no

90 74 02 90

Egil Hagen

 

99 11 33 25

 

 

     Terje Førde

       -skrivar-