Rett i følge Helness

 

Eg trudde eg hadde fått til eit bra motspel på dette spelet, og slik korta var førte det fram, men eg blei raskt jekka ned i røykepausen. Då heldt nemleg Tor Helness på å fortelje dei som måtte vere interesserte korleis motspelet i dette spelet skulle gå. Det synte seg at Øystein hadde spelt i mot akkurat slik.

 

 

 

D 8 3
D 9 5 4 3
9 8 3 2
2

 

K 10 6 5
E 8 6
E D 7 4
K 7

 

Kn 9 7 4
K kn 10 2
K kn 10

10 4

 

E 2
7
6 5
E D kn 9 8 6 5 3

 

 

 

Vest

Nord (Geir)

Øst

Syd (Øystein)

1 NT (ikkje 5 kort major)

Pass

2 kløver (stayman)

X

2 spar

Pass

3 spar

Pass

4 spar

Pass

Pass

Pass

 

Geir spelte ut kløver to til Øystein sitt ess. Han skifta til hjerter som speleførar stakk i bordet og drog spar knekt. Øystein fauk opp på esset, og spelte kløver dama til kongen og steling. Hjerter til steling og kløver. Uansett kva speleførar gjer, får Geir får trumfdama. To beit.