Rette slemmen

I dette spelet frå sona i Florø var det viktig å finne rette slemmen. Fem av 11 par klarte det, dei andre var i hjerterkontrakt.

 

E kn 10 7
E K D 10 8 5 4
-
E kn

 

D 9 3
kn 9 7 3
D 5
K D 10 8

 

K 2
6 2
kn 4 3 2
9 7 6 5 4

 

8 6 5 4
-
E K 10 9 8 7 6
3 2

 

Vi meldte slik:

Nord (Odd Egil)

Syd (Jonill)

2 kløver (20+)

3 ruter (god ruter 7+)

3 hjerter (femkorts)

3 spar (firekorts)

4 kløver (cue)

4 ruter (cue)

4 hjerter (cue)

5 spar (spørsmål om han har honnørar i spar)

6 spar (må vere godt nok)

 

Speleføringa er ganske grei. Med kløver ut stikk du med esset og trumfar ein liten hjerter. Ruter ess og vekk med kløveren og spar til tieren. Du trumfar tilbakespelet (hvis det er ruter, er det betre å stikke med kongen :)) og spar til knekten. Ned med spar ess og claim.