Siste prøve

 

Dette spelet er frå siste halvrunde i kampen mellom dei norske damene og Sverige i nordisk. Kampen var ein rein finale som Norge ikkje måtte tape meir enn 16-14 for å ta gullet.

 

I dette spelet blei syd utsett for mange prøver, og ho besto alle unntatt ein, dermed blei det ei beit og buttspel:

 

 

D 9 2
9 3 2
4 3 2
E K D 10

 

Kn 10 5 4
K 10 6 5
9
9 8 3 2

 

E 7 6
E 8 7
D 8 7
7 6 5 4

 

K 8 3
D kn 4
E K kn 10 6 5
kn

 

 

 

Vest

Nord (Gunn Tove Vist)

Øst

Syd (Siv Thoresen)

Pass

Pass

Pass

1 NT (!)

Pass

3 NT

Pass

Pass

Pass

 

 

 

 

Utspelet var spar knekt, og det er første hinder. Med hjerter ut kan motparten få tak i tre hjerterstikk, eit sparstikk og ruter dame, og det var utspelet på andre bordet.

 

Dersom utspelet er frå knekt, ti i spar er det alltid to hald i den fargen. Ho slapp utspelet til kongen og la ned ruter ess. No er det viktig å hugse på at ein spelar lagkamp og safe kontrakta. Ein treng ikkje seks ruterstikk, så å legge ned ess, konge blir heilt feil utan inntak på handa.  Dermed kom det liten ruter til dama. No ser dette idiotsikkert ut, ikkje sant?

 

Øst, som eg dessverre ikkje hugsar namnet på, ville det annleis. Ho spelte liten hjerter til knekt og konge, så kom det liten spar til nieren og esset og øst fortsette med ein liten hjerter. Kva skal du legge no??? Du har D 4 på handa og 9 3 i bordet… Kva har øst spelt liten frå, tieren eller esset? Siv valgte å spele på at ho hadde spelt frå tieren og la liten på handa. Ei beit.