Sjølvskryt skal ein høyre på...

...for det kjem frå hjartet!

Eg spelte vel nærmare 130 spel på Otta i helga og som resultata viser var ca. 129 av dei berre svada, men dette var eg fornøgd med:

Rundenr 12   ª KQ  
Spillnr 45(13)   © Q953  
Giver: Nord   ¨ T654  
Sone: Alle   § 974  
  ª 972   ª AT64
  © AJT862   © K4
  ¨ 92   ¨ AKQJ3
  § AQ   § J5
    ª J853  
    © 7  
    ¨ 87  
    § KT8632

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter eit temmeleg optimistisk meldingsforløp hamna vi i 6 hjerter. Motparten hadde ikkje meldt, men nord brukte ei stund på å passe ned sluttkontrakta. Ho forhøyrde seg også om meldingane før ho til slutt passa. Utspelet var spar konge og det såg mørkt ut. Til slutt bestemte eg meg for å spele på at tenkepausen kom av at ho lurte på å doble. I utgangspunktet kan eg heilt sikkert hive to spar og ein kløver på ruteren, men hvis eg skal vri hjerterkappen må eg ha eit inntak til handa for å spele hjerter ess, difor spelte eg kløver til dama. Deretter hjerter knekt som sto, hjerter til kongen, kløver til esset og hjerter ess. Stakkars nord måtte deretter følge farge på fire gonger ruter og heim det fauk.

Kommentar frå Reidar Johnsen:

Ikkje for å ødeleggje speleføringa di - men det bør vel uansett tenkepause eller vridd finesse bli 12 stikk her :) Spar ess, hjerterkonge og hjerter til esset og deretter 4 ganger ruter med avkast av 2 spar og så kløverfinesse og så blir det 12 stikk.

Kommentar frå Antix:

...men dersom nord røffer den fjerde ruteren er det vel beit med Reidars variant og heimgang med din? …utan at eg har gjennomanalysert spelet.

Kommentar frå Jan Frode Bolstad:

Får eg henga meg på sjølvskryten din? 

Me møtte Børre Lund og Stein Bjerkset, dei og meldte, med ei lang salmebok av meldingar.
Som du ser var det kun eg som turde doble kontrakta, begge motspelarane skvatt til, og kika febrilsk ned på meldingane sine, og lurde på kva som hadde skjedd. Men eg FEKK beita mi….  

For øvrig, Rondanecupen er ei særs hyggeleg turnering, ”luggum” som dei seier borti dalom.

NS... ØV...   Kontrakt... .Sp. Stikk ....NS. ....ØV. ...NS. ...ØV.
[9] [52]   4 Hjerter N 12 680 0 28.0 -28.0
[27] [31]   6 Hjerter D V 11 200 0 26.0 -26.0
[7] [51]   6 Hjerter V 11 100 0 23.0 -23.0
[54] [11]   6 Hjerter Ø 11 100 0 23.0 -23.0
[42] [3]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[6] [4]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[58] [12]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[44] [18]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[17] [21]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[15] [1]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[48] [30]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[5] [56]   4 Hjerter V 11 0 650 13.0 -13.0
[2] [20]   3 NT Ø 11 0 660 1.0 -1.0
[14] [29]   3 NT V 11 0 660 1.0 -1.0
[35] [45]   3 NT V 11 0 660 1.0 -1.0
[26] [23]   4 NT V 11 0 660 1.0 -1.0
[39] [41]   4 Hjerter V 12 0 680 -10.0 10.0
[13] [22]   4 Hjerter V 12 0 680 -10.0 10.0
[25] [43]   4 Hjerter V 12 0 680 -10.0 10.0
[24] [37]   4 Hjerter V 12 0 680 -10.0 10.0
[32] [47]   4 Hjerter Ø 12 0 680 -10.0 10.0
[19] [8]   4 Hjerter V 12 0 680 -10.0 10.0
[50] [16]   4 Hjerter Ø 12 0 680 -10.0 10.0
[40] [36]   3 NT Ø 12 0 690 -21.0 21.0
[55] [57]   3 NT Ø 12 0 690 -21.0 21.0
[53] [10]   3 NT V 12 0 690 -21.0 21.0
[38] [33]   3 NT Ø 12 0 690 -21.0 21.0
[34] [49]   6 Ruter Ø 13 0 1390 -26.0 26.0
[28] [46]   6 Hjerter V 12 0 1430 -28.0 28.0