På ein skala frå ein til ti....

Kor håplaust er det å passe ned 2 hjerter her?

(Ti = hjernedødt. Slutt å spele bridge straks!!!)

Ingen i sona.

Vest

Nord (makker)

Øst

Syd (du)

1 hjerter (5 korts)

2 hjerter (spar og kløver)

Pass

??? (pass???)

5
kn 10 8 5 4 3
9 4 3 2
kn 3

Send meg ein e-post: jonill@hotmail.com

Geir A:
Eg trur nok at eg ville meldt 2 spar på den dritthanda der. 2 hjerter er vel neppe god butikk?? So eg gir karakter 9.5...

Arnt Ola:
Ser jo ikkje ut som du har så mange stikk i andre kontrakter enn dei med hjerter som trumf. Det gjer at eg på ingen måte definerer det som
hjernedødt. Ein annan ting som kan gjere det aktuelt å passe er at du:
 
1. Får anledning til å melde igjen fordi mtv doblar.. eller
2. at mth eg sikker på at du melder og kanskje avventer litt. Dermed får du spele 2h udobla, medane alternativa kanskje hadde vore å spele dobla
kontrakter (noko du ikkje vil) eller at motparten har utgang (3nt/5ru).
 
Mulig eg er fantasifull nå, men det er mulige scenario. 
 
Så til skalaen: Kan jo ikkje gi 1 kan eg vel? Mange scenario der det kan vere feil å passe også. Eg endar derfor på 4.
 

Odd Egil:
Synes 9 er passe. Eg kan ikkje svare 10 for då er eg nødt til å legge opp sjølv, siden eg godt kunne funne på å passe med denne handa. Denne får du ihvertfall lov å spele udobla. Synes dette er et godt eksempel på korfor eg ikkje liker Michaels.

 

Jan Olav (stakkars makker som fekk 4 stikk i 2 hjerter. Det var eitt for mykje, men bånn likevel…)
Svaret blir 8 (du skal få spille mer).

… og det gir eit snitt på 7,63 (takk og pris for Antix) som nok betyr at gjer eg mange fleire sånne stunt, må eg vurdere å legge opp…