Skrekkelege greier

D 8 3
10 5 4
kn 4 3
10 7 3 2

Meldingsforløpet er kort, men spenstig:

Vest

Nord (du)

Øst

Syd

 

Pass

 1 spar

Pass

7 NT

Pass

Pass

X

Pass

Pass

Pass

 

Kva spelar du ut?

Antix:
Eg spelar ut spar. Satser på den fargen 7ntmeldaren veit minst om... må jo vere eit ess som manglar og då trur eg den som melder 7nt har dei øvrige essa.

P-C:
Makker dobler ein slem uten videre og då skal som regel bordets første farge ut. Ser ikkje noken grunn til at eg ikkje skal gjere det her, dersom
makker ikkje tåler spar ut kan han/ho jo la ver og doble og håpe eg treffer.. Kva slags spar er ein annan sak, men speler ut spar dame her..
Det er neppe avgjerande for beita sin del, men det kan jo hende dette er meldt på "sjanse" og at dei faktisk mangler sp ess. Då kan sp D vere viktig
for å få fleire enn ei beit hvis spelefører har singel kn og makker A10xx..

Oddmund:
Eg er ei enkel sjel, makker ber om bordet sin først melde farge, spar. Eg spelar ut spar dame.

Lisbeth Glærum:
Ein liten ruter.

Kenneth Skov:
Spar, kvar dag heile året.

Vi kan slå fast at Leiv Jørgen ikkje gjorde noko gale i dette spelet, alt var min feil frå ende til annan. P-C har rett i at eg ikkje må doble når det ikkje er spar eg vil ha ut. Kontrakta er så dust at får vi beit får vi alle poenga uansett. Som du ser var det beit uansett, men eg trur nok at med ruter ut skulle eg klart å halde hjerter ess…kanskje J

Her er spelet.