Velg rett opningsmelding
Dette spelet frå siste kampen i 1. divisjon for damer gjorde meg eitrande forbanna. Både eg og alle andre var samde om at eg hadde spelt vekk kontrakta og eg har eg brukt tre dagar på å hisse meg opp over at eg var så dum. No har eg analysert spelet og funne ut at så lenge syd har singel ruter er det umogeleg å få meir enn ni stikk i hjerterkontrakt. Så no er eg ganske forbanna for at ingen sa til meg at syd hadde singel ruter… Trass dette var det eit veldig interessant spel som er verdt å rippe opp i:
Spill 121 Ingen |
K D 10 9 5 |
|
2 |
|
E 8 3 K 9 2 |
|
Kn 7 6 4 |
|
Vi meldte slik:
Vest (Jonill) |
Nord |
Øst (Randi) |
Syd |
|
1 ruter |
X |
Pass |
1 hjerter |
1 spar |
2 kløver |
Pass |
3 hjerter |
Pass |
4 hjerter |
Pass |
Pass |
Pass |
|
|
Randi syner ei veldig god hand når ho melder 2 kløver
(vi melder inn med opptil 18 poeng), så eg var ikkje i tvil om at eg skulle
invitere. Kanskje burde eg meldt ut direkte? Med normal trumfsits treng ikkje
makker sparesset ein gong for at 4 hjerter skal stå. På den andre sida treng ho
ikkje ha ei einaste hjerter og 6-0 tilpassar med dama på topp spelar sjelden
spesielt godt.
Slik det såg ut for oss var ikkje 4 hjerter med ni
stikk noko godt spel, men når lagkameratane våre kom med 590 inn i 4 spar dobla
nord-syd, såg vi lysare på livet.
Eg trur at sluttkontrakta på spelet er avhengig av
nord sitt valg av opningsmelding. Dersom ho opnar i 1 spar vil nok syd fort
melde 3 spar over øst si opplysande dobling (hvis det er sperr). Kanskje klarar
vest å produsere 4 hjerter likevel, men alle nordspelarane melder heilt sikkert
4 spar som øst dreg til. Den kontrakta kan ikkje beitast.
Slik var scorane på spelet:
5sp X N |
11 |
650 |
|
5 sp X N |
11 |
650 |
|
4 sp X N |
10 |
590 |
|
4 sp X N |
10 |
590 |
|
4 sp X N |
10 |
590 |
|
5 kl X Ø |
8 |
500 |
|
6 hj V |
10 |
100 |
|
4 hj V |
9 |
50 |
|
4 hj V |
9 |
50 |
|
4 sp X N |
8 |
|
300 |
4 sp V |
10 |
|
420 |
3 NT Ø |
9 |
|
400 |
Det var små marginar: Dersom nord-syd hadde meldt
4 spar her hadde dei vunne turneringa…