Encyclopedia of bridge

...er ein diger murstein av ei bok, som kan vere svært nyttig når ein ikkje får sove. Det går an å finne svaret på det meste i denne boka, og dessutan er den rimeleg kjedeleg, så søvnen kjem fort :)

17 S J7
N/Ingen   H 75
  R K53
  K EJ7432
S 85   S DT4
H 82 H EKDJT93
R J986 R 42
K KT965 K D
  S EK9632
  H 64
  R EDT7
  K 8

Eg lurte fælt på korleis sparfargen skal behandlast i dette spelet frå i går. Dersom du ikkje har andre opplysningar (som i dette spelet kor øst har synt lang hjerter og difor er favoritt til å ha kort spar), skal denne fargen behandlast sånn:

Maks antall stikk: Spel knekten. Hvis den blir dekka, tek du finesse med nieren etterpå. (14% sjanse for suksess).

Målet er fem stikk: Spel liten til knekten, deretter esset og kongen (85% sjanse for å få fem stikk).

Målet er fire stikk: Liten til knekten først. Då får du alltid fire stikk i fargen.