Mykje informasjon, men ikkje nok

 

 

24

S 874

V/Ingen  

H 943

 

R K953

 

K 842

S EDJT3

S K95

H EK5

H J7

R E2

R JT4

K D75

K EKJT9

 

S 62

 

H DT862

 

R D876

 

K 63

  Antall 

Res 

Poeng

1   

-1010 

5  

2   

-1020 

2  

1   

-1510 

-1  

2   

-1520 

-4  

 

 

 

Toppkontrakta i dette spelet frå tysdag var 7 NT øst-vest, men korleis skal ein komme dit?

 

Vi meldte slik:

 

Vest

Øst

2 kløver

20+

3 kløver

6+ og minst 5 kløver

3 spar

Femkortsfarge

4 NT

Spørsmål om ess med spar som trumf

5 kløver

0 eller 3 ess av fem (det 5 esset er spar konge)

5 ruter

Spørsmål etter spar dame

5 hjerter

Jepp, har den og hjerter konge

5 NT

Har du fleire kongar?

6 spar

Niks…

7 spar

Veit vi har fem sparstikk, to hjerterstikk, eitt ruterstikk og to kløverstikk = 10. Makker har synt 17 poeng (tre ess, spar dame og hjerter konge), så eg veit han må ha ei dame og ein knekt til. Dersom makker har kløverdame har vi sjølvsagt 13 toppstikk i NT, men dersom han har ruter dame, kan det vere så ille at to kuttar må gå for at 7 NT skal stå. Tek sjansen på at makker ikkje har meir enn dobbel kløver og at 7 spar ordnar seg.

 

Dette var ikkje toppkontrakta. Vi kunne sjølvsagt gambla på at 7 NT står, men eg syns ikkje det er godt nok. Er det nokon som har eit forslag til meldingsforløp der ein får avdekka at ein faktisk har 13 toppstikk? Send meg ein e-post jonill@hotmail.com

 

Øystein og Rolf har eit litt spesielt system etter 2 kløveropning, og det gjorde susen her:


Øystein:

2kl er bort i mot utgangskrav hos oss (vi kan opne i 1 minor på inntil 21-22).  Det er kun etter 2 ru svaret vi kan stoppe i delkontrakt.

Kort oppsummert:

2 kl      

2 ru

0-1 kontrollar (E=2, K=1)

2 hj

2 kontrollar (utan 2 av 3 topphonnør femte i nokon farge)

2 sp

ukjent tal kontrollar (minst 1..) med minst 2 av 3 topphonnørar i ukjent farge

2 NT

3 kontrollar (utan 2 av 3 femte)

3 kl

4 kontrollar (som ovanfor)

Osb…

Etter svaret 2 spar ber 2 nt om overføring til 5 kort+ fargen

Ved innmeldingar over 2 kl brukar vi dopi for å vise tal kontrollar..

 

Slik melde Rolf og eg:

Vest

Øst

2 kløver

2 sp (viser 5 kort+ farge med minst 2 av 3 topphonnørar)

3 spar (eigen farge)

4 kl (viser fram femkortsfargen)

4 NT

5 hj (2 av 5 utan dama med kløver som trumf)

5 NT

6 sp (sparkonge)

7 NT

 3 sp viser eigen farge.  Rolf kunne meldt 2 NT og eg kunne overført til 5 kortsfargen min med 3 sp.

____________________

Legg merke til at når vest spør med kløver som trumf, kan han telje 13 toppstikk. Hm…

Leiv Jørgen og Ludvig har kommentarar som verkar ganske fornuftige. Det som må til er ein avtale med makker:

Leiv Jørgen: 

Har spekulert noko grasat på kva 6 kl ville ha betydd dersom du hadde meldt det i staden for 5 NT.  Normalt er det trumfhanda som spør og på 6 kl melder ein 7 i trumfargen med dama eller dobbelton.  Når det er korthanda som spør så ville eg tru at det er spørsmål om kl dame. Det er jo ingen vits at han med 5 trumf skal trumfe. Har du kl dame melder du 7, hvis ikkje melder du 6 i trumffargen. Med 7 kan du korrigere til 7 NT.   Veit ikkje om det er logikk i dette?

Ludvig:

I følgje Ludvig brukar han og Leif Kvamsdal det slik at 6 kløver over 5 hjerter blir spørsmål etter 3. Kontroll i fargen. Svara dei brukar er litt spesielle: Dersom 3. Kontrollen er ein dobbelton skal svarhanda melde 7 i den avtalte trumffargen (i dette tilfellet 7 spar) og viss 3. Kontrollen er dama, skal svarhanda melde 7 NT.

 

Geir Hjelmeland:

 

Han påstår at i presisjon kan denne handa meldast på to forskjellige måtar som begge fører fram til 7 NT. Eg venter på mail!