Motparten kom i skade for å spele minisplinter mot
oss på Otta: (Jepp, dette er ein veldig godkjent Førde-tilpass)
|
E 9 4 2 |
|
5 3 |
|
Kn 10 8 7 |
|
K D 6 |
|
Meldingane gjekk:
Vest |
Nord |
Øst |
Syd |
1 kløver |
1 hjerter |
Pass |
3 ruter (minisplinter) |
Pass |
Pass |
Pass |
|
Eg sat aust og passa omtrent før nord hadde fått
passlappen oppå bordet… Motparten var i ugunstig og det heile enda med seks
beit – 600 til oss… Dei lurte litt på korleis dei skulle forklare denne scoren
til lagkameratane, men vi fire ved bordet blei enige om å halde fast på historia
om at vi hadde vore i 3 NT aust-vest (vi rekna ikkje med at dei ville sjekke
soneforholda så nøye etter dette sjokket). Det står jo ni stikk øst-vest med to
kløverstikk, eitt hjerterstikk og seks ruterstikk. Eg lurte litt på korleis dei
skulle få dei til å tru at vi hadde fått seks ruterstikk med kongen bak esset,
men nord ville heller seie at han hadde dukka med kongen ein gong enn at han
hadde passa minisplinter, så det var ikkje noko problem!