Opning

 

Kva opnar du med med denne handa?

 

E K D 8
K
E K D 3
D kn 10 4

 

Dei sterke opningane i systemet er slik:

 

2 kløver er Halles

2 NT i opning er 20-21

 

Dersom du vel å opne med 2 kløver svarar makker 2 ruter som betyr at han har 0-7 poeng. Kva no?

 

Eg har fått fylgjande svar:

 

Øystein

1 kløver

Arnt Ola

2 kløver etterfølgt av 2 NT (viser 22-23 NT) når makker melder 2 ruter.
Har makker 0-3 passar han/ho og då er 2 NT allereie for høgt. Har makker 4-7 legg han/ho på, og då er kontrakta sjanserik. Sjølvsagt kan det stå slem og sjølvsagt kan det gå til helvete med hjerterutspel, men eg meiner dette er beste sjanse. Alternativet mitt er 2
sp over 2 ruter.

Haldor

2 kløver etterfølgt av 2 NT (viser 22-23 NT) når makker melder 2 ruter.
Av og til gjeld det å finne den minst dårlige meldinga, og i praktisk bridge vil eg melde denne handa som ei grandhand.
Alternativet er å gjenmelde 2sp, men det fører fort ut i skoddeheimen.  Brukar å ha ordna meg slik at eg har avtalt 1 poengs grandintervall, slik at eg får vist fram både 22-23NT og 24-25NT på to-trinnet. (Enten med multi eller tvetydig 2hj-gjenmelding).  Uten slik avtale melder eg 2NT som viser 22-24.

Jonill: Makker svarar 3 kløver som er puppet stayman.

 

- 3 ruter (viser ein firekorts major).  Ser ikkje nokon grunn til å gjere meg til no.

Jørund

2 kløver etterfølgt av 2 spar (syner femkorts spar) når makker melder 2 ruter.
EKDx kan sjåast på som ein 5-kortsfarge, difor åpnar eg i 2 kl og gjenmelder 2 sp over 2 ruter. Viss makker melder 3 kl(sec. neg) melder eg 3 ru. Og så får vi sjå kva som skjer....
 
Har makker kn-x-x-x i spar og berre det eine poenget står  fort  4sp.
 
Åpning 2 NT er totalt uaktuelt. 24 p og singel hj i staden for 20-21 balanserte vert for dumt, det må nesten bli feil uansett kva makker har.
 
I parturnering utanfor sona kan det vurderast åpning 1 ruter, makker held fort oppe med 3-4 p og majorfarge.

 

 

Ein ting er sikkert. Dette er ei ”håplaus” hand å melde og eit eller anna må ein lyge på – enten poengstyrke (Øystein) eller fordeling (alle dei andre).

 

Den einaste av desse som heilt sikkert kjem i slem er Jørund. Makker si hand var:

 

5 4 3
E 10 9 5
2
K 9 8 7 5

 

.... og 6 NT kan ikkje rokkast medan 6 spar (som er den einaste slemmen ein kan ha håp om å komme i??) heng på sparen 3-3. Slik sat det denne gongen, men om det er ei kontrakt ein skal vere i – det er eg ikkje så sikker på. Eg vil tru at Arnt Ola og Haldor hamnar i 3 NT med 12 stikk – noko som sikkert gir ein god nok score i parturnering. Øystein derimot bør ha ein viss sjanse til å finne 6 kløver hvis makkeren kjem på at han skal støtte nokon gong. Synspunkt? jonill@hotmail.com