wpe5.jpg (4952 bytes)

 Førde Bridgeklubb

 

Referat frå styremøte, 05.02.08.

Stad: Førde Barneskule

Desse møtte: Åsmund Rakke, Torveig Botnen, Dagfinn Vik og Terje Førde.

 

Sak 1: Invitasjon til Angedalsturneringa

Ø      Turneringa vil bli gjennomført tysdag 18.mars.

Ø      Torveig vil lage til invitasjonen. Dei nyvalde i styret (turneringsansvarlege) vil få ansvaret for gjennomføringa av turneringa.

 

Sak 2: Årsmøte 2008

Ø      Treng oversikt over medlemmane og økonomien, dette vil Dagfinn sende til Åsmund slik at han kan skrive årsmeldinga ferdig.

Ø      Innkjøp av diverse takkegåver for god innsats må gjerast. Denne saka tek Dagfinn seg av.

 

Sak 3: Vedtekter

Ø      Gjennomgang av vedtektene til Førde Bridgeklubb.

Ø      Endring: Ønskjer å få inn i vedtektene at leiar og kasserar ikkje bør gå ut av styret på same tid.

Ø      Vedtektene gjeld frå dei blir godkjende på årsmøtet 23.02.08

 

Sak 4: Rekneskap 2007

Ø      Gjennomgang av rekneskapet 2007. Fleire av postane på rekneskapen er oppsplitta, slik at ein ser meir detaljert kva utgifter klubben har hatt. Elles hadde styret ikkje noko å tilføye på det oppsette rekneskapet.

 

Ymse:

Ø      Egil vil ta seg av premieringa på klubbmeisterskapet 23.02.08

 

 

 

 

     Terje Førde

       -skrivar-