Systemhjelp

 

Av ein eller annan grunn har eg aldri tenkt noko særleg på korleis ein melder vidare etter 1 NT – 2 spar med gode kort.

 

Det vanlegaste er vel at grandopnaren etter 2 spar syner kva minor som er best. Korleis skal han som har meldt 2 spar no melde vidare for å sleminvitere i ein av minorfargane? Det treng jo ikkje nødvendigvis vere den som makker har best kort i heller.

 

Døme: Makker opnar i 1 NT og du har:

 

E 2
3 2
E 10 4
E K kn 10 9 8

 

Over 2 spar syner makker at han har best ruter (bombe!!), (eg trur det mest vanlege er at 2 NT syner best ruter). Korleis melder du vidare no?

 

jonill@hotmail.com

 

Ivar Lunde:

3 ruter? Har makker 6/5 ruter. Melder 3 hjerter=rele (sleminvitt med kløver/ruter som trumf).

 

Leif Kvamsdal:

Ein måte å nytte 1NT - 2 sp er:

 

a) Svakt, og vil stoppe i 3 kl/ru ( kan ha ein eller begge minor)

b) Sterk, slemsone + med minst 5/4 i minor. Over svaret frå opnar melder ein:

                                            - 3 hj/sp med 3-kort i fargen og 5/4 i minor. Kanskje har makker 5-kort major i din trekort major!

                                            - 3 NT med 2-2 i major og 5/4 i minor

                                            - 4-trinn: kan nyttast til å syne meir kort i minor.

 

Så sjeldan som eg spelar no, må ein halde avtalar på eit ”minimum". Har derfor lagt vekk nytt gjenteke spørsmål etter 1NT - 2kl - svar. Nyttar heller dette til å sleminvitere med ei slik hånd som du skisserer ved å melde 3kl /3 ru over svaret på Stayman. Fungerar greitt, men perfekt er det ikkje. Så med dei skisserte korta hadde meldinga gått:

 1NT - 2 kl

Svar - 3 kl = sleminvitt med minst 6-kort.