Table presence

 

Table presence betyr at ein får med seg meir rundt bordet enn det som føregår i meldingar og spel. Sjekk for eksempel spenninga rundt bordet når alle veit at speleførar skal finne trumfdama i ein sjuar. Dei speleførarane som har table presence skjønnar kven som har dama i denne situasjonen. Eg er totalt blotta for denne eigenskapen!!!

 

Sjekk denne frå klubben i går:

 

 

D 3
D
E D 10 9 5 4 2
kn 5 4

 

 





 

 

8 5 2
E K 9 8
K 3
E 10 8 7

 

 

Makker opna i 3 ruter og fullstendig udisiplinert meldte eg 3 NT (ut frå avtalar veit eg at vi ikkje har sparhold).

 

Vest spelte ut fordekt og bordet blei lagt ned. Utspelar stønna fælt og ba om å få ta opp igjen utspelskortet… Nei, sa eg, så han snudde kortet, som var spar knekt. Kva legg du i bordet???

 

Dama virkar for å vere eit godt valg. Kva skal han ellers ha enn E K kn i spar for å synes at utspelet er forferdeleg trasig? Eg la liten…