Makkeren min syns ikkje
det var så nøye kven som var speleførar når han tasta inn på bridgemate. Dette
førte sjølvsagt til ein del scorar som eg ikkje likte så godt. I min verden er det
ein viss forskjell på om det er vi som går beit, eller om motparten gjer det.
Vi fekk igjen ein slipp som han studerte ei stund før eg fekk sjå den. + 2 på
at motparten går ei beit i 5 spar syns eg var i minste laget, og ved nærmare
ettersyn viste det seg at det var punsja inn at det var vi som hadde gått ei
beit. Dette svinga sjølvsagt åtte poeng, og eg spurte makker om han ikkje hadde
reagert på scoren. Nei, han hadde sett litt på det og tenkt litt, så hadde han
slutta å tenkje, sa han.