Tolkningar

I ettertid er eg MEGET fornøgd med at det gjekk som det gjekk, men i utgangspunktet var eg ikkje særleg lysten på å spele NM monrad lag, så eg sa til Arild at eg ikkje var noko sugen på å spele, men om det blei krise og dei ikkje fekk tak i nokon andre kunne eg alltids vere med.

Dette prøvde eg å forklare til Geir Hjelmeland når det synte seg at dei ikkje hadde gjort noko forsøk på å få tak i andre. Tørt frå Geir Hjelmeland: - Arild har vel tolka det på damevis då.

Med andre ord, i hovudet på desse karane er det slik: Når ei dame seier nei, betyr det kanskje, og seier ho kanskje er det eit definitivt JA.