Tvangstankar
Meldingane går slik:
Vest | Nord | Øst | Syd |
Pass | |||
1 kløver | Pass | 1 spar | Pass |
2 hjerter | Pass | 3 NT | Pass |
4 kløver | Pass | 4 ruter (cue) | X |
6 kløver | Pass | Pass | Pass |
Ruter fire kjem ut og her er korta:
K 10 E D 5 2 - E K 10 8 7 5 3 |
D 9 8 7 kn 10 E kn 9 6 D 4 2 |
Du slepp ruteren til trumf på handa. På kløver ess kastar syd ein ruter. Kva trur du om speleføringa? Det virker vel naturleg å ta ut trumfen og ende inne på bordet på kløver dama, hive ein hjerter på ruter ess og ta hjerterkutten? Gjer det nokon forskjell om du syns nord brukte lang tid på å passe 6 kløver? Sikkert ikkje for dei fleste av oss, men Lothen fekk tvangstankar og var sikker på at nord hadde både hjerter konge og spar ess. Då måtte han finne ein alternativ speleplan...I stikk to la han ned spar konge som nord riktignok stakk med spar esset. Han spelte endå ein ruter til esset med hjerteravkast på handa. Kløver til kongen og spar ti som sto rundt! Kløver til dama og spar dame. Knekten ramla under spar dama slik at spar åtte ga avkast for den siste hjerter"taparen". Skuffelsen var rimeleg stor når det synte seg at spelet såg slik ut :)
E kn 3 8 7 3 7 5 4 3 kn 9 6 |
||
K 10 E D 5 2 - E K 10 8 7 5 3 |
D 9 8 7 kn 10 E kn 9 6 D 4 2 |
|
6 5 4 2 K 9 6 4 K D 10 8 2 - |