Umogeleg å melde?
Vi spelte lagkamp
i klubben på tysdag. Spørsmålet er korleis det mogeleg å nå 6 hjerter her:
Makker har:
E x
E K kn x x x x
-
K x x x
Eg har:
K x x x
D x
kn x x
D kn 10 x
Slem er laydown, og ingen av borda klarte å melde den. Spørsmålet er korleis
ein gjer det?
Arnt Ola
Det ser ut som dei fleste ser mørkt på å melde denne slemmen, men Stig Øvrebø
og Geir Hjelmeland har gjort eit forsøk:
Stig
Øvrebø seier fylgjande:
Snakka litt med Arnt Ola i dag angåande spelet for å høyre
korleis spelet hadde gått. Vi spelte mykje i lag når vi studerte i Bergen for
mange år sidan. Slik eg ser det trur eg at dersom eg hadde vore Syd hadde eg og
makkeren min kanskje heller havna i 6 kløver, i alle fall i ein lagkamp.
Vi spelar naturleg:
Makker |
Eg |
1 hjerter |
1 spar |
3 kløver |
4 kløver (sleminvitt med kløver som trumf) |
4 ruter (aksept av invitt. Førstekontroll
i ruter) |
4 spar (cuebid) |
6 kløver |
Pass |
Geir Hjelmeland seier fylgjande:
Til og med med Presisjonssystemet har
en problem her, eneste måten å melde den på er:
Makker |
Eg |
1 kløver (16+) |
1 NT |
2 hjerter (spørsmål) |
2 spar (0-3 kontroller, dårleare enn
Dxx i hjerter |
2 NT (kvilemelding) |
3 kløver |
5 ruter (exclusion) |
5 hjerter (null ess) |
6 kløver |
Pass |
Etter å ha tenkt seg om litt…
Var litt snar der. Etter 3kl har vi ein
anna vei som kanskje er betre:
Makker |
Eg |
1 kløver (16+) |
1 NT |
2 hjerter (spørsmål) |
2 spar (0-3 kontroller, dårleare enn
Dxx i hjerter |
2 NT (kvilemelding) |
3 kløver |
4 kløver (sleminvitt) |
4 spar (cue) |
4 NT |
5 kløver |
6 kløver |
Pass |
I Presisjon er alt mulig J